Velkomen til heimesida vår!

Vinje handverkslag er eit lag for dei som er interesserte i kunst og handverk, både nyskaping og tradisjon. I 1968 blei Vinje handverk og industrilag stifta for å betre vilkåra og auke lønsemnda for dei mange handverkarane i bygda. Slik samfunnet har utvikla seg, er det færre som har handverk som leveveg no.

Målsetjinga for laget er difor meir fokusert på å
- vera eit miljø for kreativitet og skapande verksemd
- fremje interesse for handverk og kunst
- ta vare på gamle handverkstradisjonar
- stø opp om lokale kunstnarar og produsentar
- auke kunnskapen om kunst og handverk gjennom utstillingar og kurs

Hausten 2006 kjøpte laget Haugsæl i Bøgrend, eit hus som no er basen for aktivitetane våre. Vinje handverkslag er arrangør av Vinjeutstillinga på Vinjar. Laget eig og driv stampa på Mjonøy.

 

Kva skjer: Laurdagsope på Haugsæl kl.11.00 - 14.00. Fint handverk og god kaffe!

                    Dagbladet til sals. Stikk innom!

                    Kalligrafikurs med Borghild Telnes 12 - 14 febr. 

                    Sjå under aktivitetar/kurs på menylinja.

                   

 

 

 

sidekart