
Fram til no har det meste av innsatsen i laget gått med til vedlikehald og oppussing på Haugsæl. Det er endå att å gjera kjellar og loft heilt ferdig,
men huset kan brukast til mangt med to etasjar som er pussa opp. Det nye uthuset fekk tak hausten 2010.
Det er laurdagsope fyrste laurdag i mnd frå kl 11 til 14. Handverksutsal og kaffe.
Handverkskurs for born 10-13 år i mars og i oktober kvart år er ei vidareføring av "Årets kunstnar". Vinje handverkslag var Årets kunstnar i Vinje kommune i 2008.
Ei gruppe driv og syr lappeteknikk annankvar tysdag og arbeidskvelden siste onsdagskveld kvar månad er og populær, eigenaktivitet, men sit i hop.
Temakveldane ein gong i månaden samlar
mange interesserte folk. Sjå under temakveldar, der kan du lesa meir detajert om emnet.