§ 1 Formål Vinje handverkslag arbeider for å
- skape eit miljø for kreativitet og skapande verksemd
- fremje interesse for handverk og kunst
- ta vare på gamle handverkstradisjonar
- stø opp om lokale kunstnarar og produsentar
- auke kunnskap om kunst og handverk gjennom utstillingar og kurs
§ 2 MedlemskapAlle som vil støtte og arbeide for formålet til laget, kan bli medlem ved å betale årskontingenten. Kontingenten blir fastsett på kvart årsmøte og gjeld for kalenderåret. For å ha stemmerett på årsmøtet, må kontingenten vera betalt innan 31.12 i det aktuelle året. Manglande innbetaling etter purring blir rekna som utmelding.
§ 3 StyretLaget skal ha eit styre på 5 medlemmer og 2 varamedlemmer. Det er ynskjeleg at minst 2 av styremedlemmene er handverkarar eller kunstnarar. Styret er vedtaksføre når 3 styremedlemmer er til stades. Det skal førast protokoll frå styremøta.
§ 4 UtstillingsnemndaUtstillingsnemnda er ei sjølvstendig gruppe under Vinje handverkslag med eigne vedtekter fastsett av årsmøte i Vinje handverkslag. Nemnda har det organisatoriske, praktiske og økonomiske ansvaret for sommarutstillinga. Kasseraren i handverkslaget fører rekneskapen. Årsmelding og rekneskap for utstillinga skal leggjast fram på årsmøtet i handverkslaget. For at nemnda skal kunne arbeide langsiktig, syter dei sjølve for å finne nye medlemmer når dei treng det. Dersom nemnda skulle ynskje å avslutte sitt engasjement, er handverkslaget ansvarleg for å oppnemne ny utstillingsnemnd.
§ 5 ArbeidsutvalFor å avlaste styret med praktisk gjennomføring av arbeidsoppgåver, kan styret oppnemne arbeidsutval for dei viktigaste aktivitetane. Styret avgjer talet på utval og talet på medlemmer i utvala. Arbeidsoppgåvene må samordnast med styret. Utvala må ikkje gjera avtaler, organisatorisk eller økonomisk, som bind opp styret.
§ 6 VadmålsstampaVinje handverkslag eig og driv stampa på Mjonøy. Styret oppnemner ein kontaktperson som tek seg av vedlikehald og drift i tillegg til utleige av stampa. Timeprisen for å leige stampa blir fastsett av styret.
§ 7 ÅrsmøteÅrsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar. Møtet blir kunngjort i lokalavisa og ved brev til medlemmene minst 3 veker i forvegen. Styret må få saker til årsmøtet minst 2 veker før møtet.
Årsmøtet skal:
a. Velje ordstyrar
b. Velje referent
c. Godkjenne innkalling og sakliste
d. Velje 2 medlemmer til å underskrive protokollen.
e. Godkjenne rekneskap og årsmelding for driftsåret både for laget og utstillingsnemnda.
f. Leggje fram budsjett for komande år.
g. Fastsetje medlemskontingent.
h. Velje nye styremedlemmer
- Leiar for 1 år
- 2 styremedlemmer for 2 år. Alle styremedlemmer kan ta attval.
- 2 varamedlemmer for 1 år
i. Velje revisor og varamann for 2 år
j. Velje nytt medlem til valnemnd for 2 år. 1 medlem skiftast ut kvart år. (Årsmøtet utpeikar kandidat)
k. Handsame innkomne saker eller saker styret ynskjer å ta opp.
Alle val blir avgjort med vanleg fleirtal. Det blir halde skriftleg val dersom 1 medlem krev det. Medlemmer kan berre stemme ved personleg frammøte. Medlemmer må ha betalt kontingent for siste kalenderår for å ha stemmerett.
§ 8 Omframt årsmøteDet kan kallast inn til omframt årsmøte etter vedtak gjort ved vanleg fleirtal i styret eller når minst 1/5 av medlemmene krev det.
§ 9 VedtektsendringarÅrsmøtet kan vedta endringar i vedtektene. Framlegg til vedtektsendringar skal gjerast kjent for medlemmene minst 2 veker før årsmøtet. Endringane blir vedteke dersom 2/3 av dei frammøtte stemmer for endringa.
§ 10 Oppløysing av lagetVedtak om nedleggjing av Vinje handverkslag blir å handsame som vedtektsendring, men må, for å vera gyldig, vedtakast på to etterfølgjande årsmøte, evt omframt årsmøte. Siste årsmøtet vedtek ved vanleg fleirtal kva som skal gjerast med laget sine midlar og eigedom.
Godkjent av årsmøtet i Vinje handverkslag 28.02.2007