Nytt

Medlemsmøte på Haugsæl onsdag  25. aug kl 19.

Har du gode idear eller noko du vil ta opp så møt fram.

Kaffi og noko å bite i. Velkomen!

 

Fyrste temakvelden i haust er onsdag 18.august kl 19. Knivsliping står på programmet.

 

Haugsæl er sommarstengt, men til hausten blir det både temakveldar og kurs att.

 

Professor i kunsthistorie,Gunnar Danbolt, kjem til Haugsæl onsdag 16. juni kl 19.00.

Han er kanskje mest kjent for radioprogrammet "Kunstreisen" som har gått på lufta i mange år. "Kva er kunst? Frå handverk til kunst" er temaet for kvelden.

Inngang kr 50. Kaffe.

Velkomen!

 

Dugnad onsd 26. mai kl 18.00. Måle resten av utemøblene. Rydde i brakkene. Skrape og måle glaskarmar.

I tillegg arbeidskveld inne fordi det er siste onsdagen i månaden.

Ta med handarbeidet ditt til Haugsæl, så sit vi saman og arbeider på eigne ting.

Kaffe og kanskje suppe etter dugnaden.

Velkomen!

 

17. mai frokost på Haugsæl frå kl 10. Spleiselag.

Huset held brød, smør, kaffe og te. Ta med pålegg eller kake/dessert.

Velkomne!

 

Dugnad på Haugsæl onsdag 5. mai kl 18.00. Rake, ruske i bed, rydde i uthuset, beise bord og benkar m.m. Ta med rive o.l. 

 

Arbeidskveld på Haugsæl onsdag 28. april kl 19.00. Kanskje siste onsdagen kvar månad passar til ei anna slag samkome enn dei som er frå før.

Ta med handarbeidet ditt til Haugsæl, så sit vi saman og arbeider på eigne ting. Kaffe.

Velkomen!

 

Haugsæl på laurdag: Laurdag 24. april blir det knivtreff kl 11 - 16.

Suppe, kaffe og kake å få kjøpt.

Handverksutsalet er ope.

Velkomen!

 

Temakveld om kolrosing og karveskurd onsdag 21. april kl. 19.00 på Haugsæl.

Harald Aasland vil fortelje om og demonstrere teknikkane. Han har også med seg materialar og verktøy så alle kan få prøve seg. Ta gjerne med ein passar.

Ingang kr 50.

Sal av kaffe/te og kake.

Velkomen!

 

Påskeegget blei vunne av Ninette Villhodd!

 

                              

 

 

 

 

 

 

 

 

Laurdagsope, også påskeeftaen 3. apr, kl 11 - 14.

Det blir lodda ut eit stort påskeegg, trekning kl 14.

Velkomen innom!

 

Haugsæl på laurdag: Laurdag 27. mars blir det ein slags strikkekafè på Haugsæl med strikking, hekling og pjoning! Folk som lærer bort pjoning.

Ta med grov heklenål om du vil lære å pjone.

Kl 11 - 14.

 

Kniv er temaet ondag 17. mars kl 19. Då kjem Dag Rorgemoen til Haugsæl.

Han snakkar om kniven og syner bilete.

Ta gjerne med gamle knivar.

Ingang kr 50.

Kaffe å få kjøpt.

Velkomen!

 

Haugsæl på laurdag: Toving av sitteunderlag. Ta med skuffen frå steikeovnen så får du hjelp med tovinga. Mange fine fargar på ulla. Materialkostnad kr 50. Frå kl 11, for store og små.

Sal av kaffe og bollar.

 

Vadmålsutstillinga står ut februar. Ein 12 min film viser stamping.

 

Onsdag 17. febr kl 19 kjem Marit Buset til Haugsæl.

Ho fortel om vadmål og alle forsøka ho driv med på det området.

Det blir også ei lita utstilling av vadmålstøy.  

Kaffe å få kjøpt

Inngang kr 50

Velkomen!

 

 

Kalligrafikurs på Haugsæl med Borghild Telnes, 12 - 14 feb.

Min 6 deltakarar, max 10 deltakarar. 15 timar, pris kr 1000.

Påmelding til Tove Herberg 91842907 eller til Klara Fossland 47861891.

 

Laurdag 30. jan kl. 12.00 viser vi Reidar Aarhus sin film frå Bøgrend. 

 

Vanleg laurdagsope kl 11 - 14 frå laurdag 2. jan. Velkomen!

 

Jolesalg i vanleg opningstid laurdag 19. desember, ope frå 11.00-14.00.

Velkomen!

 

 

Jolesalg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jolesalg på Haugsæl laurdag 5. des og laurdag 12. des kl 11.00 - 18.00.

Velkomen !

 

Dag Feldborg kjem til Haugsæl onsdag 18. november kl 19.00.

Gamle stolar er temaet, ta med deg om du har.

Kaffe å få kjøpt.

Inngang kr 50.

Velkomen !

 

Borghild Telnes kjem onsdag 21. oktober.

Skrift, kalligrafi, før og no.

 

Laurdagskafe med noko attåt.

Utstilling av gryteklutar.

Utstilling av lappeteknikkarbeid av Liv Kostveit.

Utstillingane står oppe laurdagane i oktober.

Ta gjerne med hekle eller strikketøy.

 

Annemor Sundbø kjem til Haugsæl onsdag 16. sept kl 19.00.

" Folketro og overtro i strikkekunsten" kallar ho foredraget sitt.

Ta med kofta di, kanskje er det noko magisk ved mønsteret !

Kaffe å få kjøpt.

Inngang kr 50.

Velkomen !

 

Vinje handverkslag har stand på Vinjedagen i Åmot 22. aug.

Sal av handverk. Velkomen innom!

 

Vinjeutstillinga opnar sundag 28. juni kl. 14.00.

Knut Buen kåserar og det blir song ved Ingeborg Fangel Mo, akk av Dagfinn Køhn.

Åsta og Øystein Kostveit står for den offisielle opninga.

 

Dugnad 19. mai. Rydding på garasjetomta og såing av den nye plenskråninga mot Bø.

Sjølv om trea på tomta ikkje var så store, blei det mykje ved.

 

17. mai frokost kl 10.00.

Spleiselag.

Huset held brød og smør, kaffe og te.

Ta med pålegg eller kake.

Vel møtt!

 

Utedugnad på Haugsæl tysdag 28. april frå kl. 12.00

Ta med rive og evt anna hagereiskap.

 

Onsdag 15. april kl 19: Gamle fotografi frå Vinje.

Olav Groven fortel.

 

Onsdag 18. mars kl 19: Dag Feldborg.

Restaurering/overflatebehandling av gamle møblar.

Tak gjerne med døme på restaureringsobjekt.

 

 

Onsdag 18. februar kl 19: Pjoning

Tove Våle instruerer. Høve til å kjøpe utstyr på staden

 

Temakveldar i vårhalvåret.

Fyrste kvelden er torsdag 15.januar kl 19.00.

Åsta og Øystein Kostveit fortel om Øystein Vesaas.

Kaffe med noko attåt.

Sjå under temakveldar.

  

Sope ut joli 

Tysdag 13. januar kl 19.00 sopar me ut joli på Haugsæl.

Ta med rester av jolebaksten. Velkomen!

 

Jolesalg på Haugsæl

laurdag 6. des kl 11.00 - 18.00

sundag 7. des kl 12.00 - 18.00

laurdag 13.des kl 11.00 - 14.00

laurdag 20. des kl 11.00 - 14.00

 

 

 

 

OPEN DAG PÅ HAUGSÆL

 

Laurdag 15. november

kl 11-15

 

 Mange handverkarar i arbeid,

opne verkstader. Utstilling.
Som vanleg på laurdagar er det

kaffe og ope handverksutsal.

Velkomen

 

 

 

 

 

 

"Årets Kunstnar" igang på Haugsæl.

 

 

 

Full fart når barnehagen frå Edland var på besøk på Haugsæl.

 

 

 

29.oktober: Medlemsmøte på Haugsæl kl 19.00.

 

 

 

 

 

Temakveldar etter jol

Jolesalet, idear til produkt,

og fint om 2-3 personar vil ta ansvar for organiseringa.

Enkel servering og tid til røur.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Riving av garasjen

 

                                                                                                                             

27. august blei garasjen på Haugsæl riven. To traktorar og fire karar klara jobben.

Det er meininga å bygge oppatt eit slags lagerhus

litt lenger inn frå vegen enn der den gamle garasjen låg.

 

 

 

 

 

 

 

Vinjedagen 23.august

 

Vinje handverkslag stilte på Vinjedagen                        

med campingvogn og fortelt.

Mykje fint handverk, kaffe og småkaker.

Liv, Kari og Arne var der.

 

 

Medlemsmøte 20.aug kl 19.00

 

Korleis vi skal gjennomføre ”Årets kunstnar”

Riving av garasje, framdrift.

Suppe.

 

 

Årets kunstnar 2008

 

I brev frå Vinje kommune har Vinje handverkslag fått  tilbod om å vera

” Årets kunstnar 2008”. Det inneber at laget må ha eit opplegg for skule og barnehage, i alt på 49 timar og med ei godtgjering på 30.000 kr. Styret har takka ja og opplegget blir gjennomført frå 14.sept til 11. nov på Haugsæl.

 

Vinjeutstillinga 2008


Sommarutstilling med måleri, grafikk, foto, glas og  skulptur.

Tema dette året har vore språk og kommunikasjon.

Tradisjonell del med lokalt handverk.
Utstillinga opnar sundag 29. juni og varer til og med sundag 10. august.

 

 

Medlemsmøte

Medlemsmøte/sommaravslutning onsdag 4. juni kl 19.00 på Haugsæl.

Den heimkomne sekretæren vil gjerne fortelje om turen sin til Guatemala.

 

 

17. mai frokost

på Haugsæl frå kl 09.00.

Huset held brød,smør,kaffe og te.

Ta med pålegg eller kake.

Velkomen! 

 

Laurdagsope

Det er ope på Haugsæl laurdagar

kl 11 -14
Handverksutsal

Kaffe

Velkomen

 

 

 

Jolesal

Jolesal på Haugsæl laurdag 8. des. og laurdag 15. des. kl 10.00 - 16.00.
Ågot Storlid fortel om gamle joleskikkar laurdag 8. des. kl.14.00.
Christenson Bok og Papir med boksalg.
Velkomen!

 

 

Jolesal på bibliotekeket i Åmot laurdag 1. des kl. 10.00 - 16.00.

 

 

Joleverkstad

Joleverkstad på Haugsæl onsdag 14.nov og onsdag 21.nov kl 18.00.

 

 

Kurs

Kurs i sauming av bunadscape. Haugsæl

laurdag 13. okt og laurdag 27.okt.

Kursleiar Bjørg Gaulin frå Bjørgs systoge.

 

 

Hausttur

 

Hausttur til Tinn håndverkssenter AS i Atrå onsdag 17. oktober. Vi møtes ved ESSO kl 9.30 og fyller opp bilene. Spleising på bensin.

 

 

 

 

Onsdag 18. mars kl 19: Dag Feldborg.

Restaurering/overflatebehandling av gamle møblar.

Tak gjerne med døme på restaureringsobjekt.

sidekart