Om laget

Vinje handverkslag har ca 70 medlemmer. 12 – 14 av desse er aktive handverkarar innan keramikk, sylv, tekstil, lær, tre og biletkunst.

Gjennom åra har mykje arbeid  blitt utført på dugnad. Opprustning av Haugsæl har vore det største prosjektet dei siste åra. Det er ferdig stella i 1. og 2. etg og eit rom i kjellaren har blitt til ein fin verkstad.

Det blir nytt uthus der den gamle garasjen sto. To brakker er på plass, dei har fått tak sist haust, og blir kledd ferdig i løpet av sommaren.

I tillegg har laget ei aktiv utstillingsnemnd.

Dei har ansvar for planlegging og gjennomføring av Vinjeutstillinga.

Vadmålsstampa er òg laget sitt ansvar.

Etter at vi har kjøpt Haugsæl, er draumen å få til eit kreativt miljø der.

Og aktiviteten i huset aukar, med verkstader, med kurs og med temakveldar.

 

                                                                 

 

 

sidekart