Stampa på Mjonøy

Den vassdrivne vadmålsstampa på Mjonøy kultursenter sto ferdig sommaren 1999. Bygginga starta seinsommaren 1998.

Fire grunneigarar sto ansvarlege for prosjektet. Desse har gjeve grunn og vore dei som kunne søke økonomisk støtte. Det var familiane Christenson, Rui, Vesaas og Tellefsen/Vinje. Arne Skevik har stått for byggjearbeidet. Han har og vore anvarleg for drifta av stampa sidan ho blei starta.

Vinje Handverkslag eig og driv stampa. Stampa blir leigd ut med ”stampar” til enkeltpersonar, lag og grupper, prisen er 250 kroner timen. Les meir om stampa og stamping her.

Filmsnutt frå vev til ferdig stampa vadmål på videoarkivet

" Veving og stamping" frå 1999

http://www.videoarkivet.no/

sidekart