Haugsæl

 

 
Haugsæl i Bøgrend

Vinje Handverkslag fekk kjøpe Haugsæl i 2006. Eit eventyrhus! Femten, seksten rom og full kjellar, to peisar og stort kjøkken. Her kan kreativitet og skapartrong bløme.  Seks handverkarar har laga seg trivelege verkstader i andre etasje. Og den sjuende er på plass i kjellaren.

På Haugsæl er det plass til å ha utstillingar, temakveldar og kurs både ute og inne. Ein kan og leige huset til konfirmasjonar, bursdagar o.l.

 

Handverksutsalet er i tilbygget, og det er ope fyrste laurdag i månaden frå kl. 11 - 14. Alt handverket der er laga av medlemer i Vinje handverkslag. Du finn vakre ting i sølv og keramikk, i strikk og vev. Der er mykje fint trearbeid der,

solide varer i lær og flotte sauma ting.

I opningstida på laurdagane blir det servert kaffe med

noko inntil i stoga. Det kan vera vaflar, eplekake eller ei anna kake. 

I stoga er også eit gamalt, svart piano med lysestakar og det heng ein gitar på veggen.

Ta turen innom eller ta kontakt om du vil inn ein annan dag.

sidekart